[Intro]
Am Bb Am E
[Verse]
Am E Am
Du gledde meg så mykje, eg kan'kje gleda deg
Dm
Det beste som eg hadde, Var alt for smått for deg.
E F Dm
Men denne vesle knoppen av mitt eige rosentre,
Am E F
Den skal du ha til minne om somaren og meg.
Am E Am
I fjor haust var den berre eit snøkvitt lite nor
Dm
djupt nedi jorda, på rota åt si mor.
E F Dm
Når somarsola vart so varm, då våga den seg opp,
Am E F
og skaut så friske grøne blad, og slik ein blodraud topp.
Am E Am
Men då var hausten her igjen, med gufs frå hei og nut,
Dm
det vart for seint, so altfor seint, han fekk kje spretta ut.
E F Dm
So laut han døy, og vondt det var då vesle livet gjekk;
Am E F
men lagnad-stålet av han skar, det finst kje råd med slikt.
Am E Am
Og ilska rann med livet ut i tidens djupe hav,
Dm
der lengt og liding, sorg og sut, ja alt skal gløymast av.
E F Dm
Og rota som den grodde på må visna bort og døy,
Am E F Am
for alt som lever her på jord er liksom gras og høy.